søndag 9. november 2008

På dette kortet har eg brukt to ulike mønsterark. Det bakerste mønsterarket er i blått og kvitt. Det har tekst på "bjelle klang" og bilde av snøkrystaller. Det andre mønsterarket går i lys grøn og kvit(DaisyD`s). Eg har brukt sjablong i to mønster ; eg har teikna på mønster og så klipt ut. På det eine har eg stempla med "Marry Christmas" fra Ladybug and friends. Så har eg pynta med bånd i brun, blå og kvit. Blomstene er fra Prima, bladene og gullstjerna er fra Floral Embellishments (Prima). Bruker ein del perler, det er liksom "det lille ekstra". Stempelet er fra Magnolia. Eg har malt med H2O. Eg har hatt litt glitter på hjarta på buksa og hjarta i handa, men det viser ikkje så godt.


Ingen kommentarer: